Lineflåten har opplevd ein knallstart på det nye året. I desse dagar kjem flåten inn for å levere den første fangsten i år etter fem-seks veker på fiske. Spesielt i nord har fisket vore eventyrleg etter nyttår, skriv avisa

Måndag leverte linebåten "Veststeinen" ein kjempefangst på 380 tonn, for det meste hyse og torsk, i Ålesund. Og prisane på desse artane er gode, opp i 34,50 kroner for den best betalte torsken, og 22,60 for den best betalte hysa.

Skipper på "Veststeinen", Per Ivar Sundsøy, understrekar ril Fjordenes Tidende at dei ikkje har selt fangsten endå, og at dei dermed ikkje veit kva pris dei vil få for fangsten.