Det gir ein totalkvote (TAC) på i overkant av 816 000 tonn, der 15,6 prosent blir sett av til nasjonar som står utafor trepartsavtalen.

Den norske totalkvoten og fartøykvotane for 2018 blir som følgje av dette redusert med 20 prosent i forhold til i år. Kvotereduksjonen kan bli kompensert gjennom høgare førstehandspris.

Det internasjonale havforskingsinstituttet, ICEC tilrådde for kort tid sidan ei halvering av uttaket for neste år.

Fordeling
Kvoten er fordelt med 183 857 tonn til Norge, 102 924 tonn til Færøyane og 402 596 tonn til EU. Fordelinga er igjen basert på fordelingsnøkkelen som blei fastlagt i trepartsavtalen fra 2014.

Dei tre kyststatene har også sett av ein del tilsvarande 15,6 prosent av totalkvoten til andre kyststater, og andre statar som fiskar makrell i internasjonalt farvatn. Dei tre kyststatane er også enige om en ny forvaltningsstrategi for makrell, som er i tråd med rådgiving frå ICES.