Fiskeflåtens Ungdomsmønstring har vore arrangert i Ålesund sidan 2007, og målet er å gi ungdomane eit innblikk i fiskerinæringa, og vise kva for karrierevegar som er mogleg å velge innan sjømatnæringa generelt og med spesielt fokus på fiskeflåten.

Det er lagt opp til to identiske forestillingar med rundt 500 elevar på kvar. Første runde startar kl. 09.30, og den andre startar kl.11.15

På kvar forestilling blir det korte foredrag (15 min.) med representantar frå sjømatnæringa. I tillegg blir det også musikalsk underhaldning. Det blir også ein panelsamtale med yngre folk som arbeider på fiskebåtar eller tar utdanning i den retninga.

For å gi elevane ein ekstra motivasjon, blir det også gjennomført ein konkurranse mellom klassene. Premien er på kr. 10 000,- til den beste klassa.

Arrangementet skjer i samarbeid mellom Surofi (Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag), Fiskebåt Vest, Møre og Romsdal fiskarlag og Marint Kompetansesenter. Arrangementet er det største i sitt slag her i landet.