Fiskeridirektoratet planlegg å gjennomføre to tokt i løpet av året for å rydde opp i fiskerirelatert søppel som ligg i havet. Dette inngår som ein del av direktoratet sitt arbeid med å redusere marin forsøpling som kjem frå fiskeriverksemd.

Det første toktet blir gjennomført i slutten av mai, og er planlagt å ha operasjonsområde i Smutthullet og eventuelt den austlege delen av Svalbardsona. Det andre oppdraget er planlagt i juli og vil konsentrere seg om fiskefelta langs norskekysten

Begge tokta vil vare opp mot 40 døgn, og no er direktoratet på utkik etter aktuelle fartøy som er ledige for oppdrag på dei tidene. Fristen for å levere inn tilbod er mandag 2. april.

Klikk her for å lese meir om de to tokta.