Havfisk har inngått kontrakt med Vard om å bygge den nye hekktrålaren til ein verdi av 400 millionar kroner. Det nye fartøyet er VARD 8 02-design, bassert på Havfisk sin hekktrålar Nordtind som blei levert frå Vard i januar.

Farøyet blir den første hekktrålaren med integrert energilagringssystem, med moglegheiter for både batteridrift, dieselmekanisk og dieselelektrisk framdrift. Dette fører til reduserte utslepp av CO2 og NOx i tillegg til kraftig reduksjon av støy.

Hybrid framdrift

Også Olympic satsar tungt på ein ny kombinert kvitfisk og reketrålar som skal erstatte dagens Nordøytrål. Fartøyet skal byggast i Tyrkia med levering i 2020, og vil bli ustyrt med norsk utstyr for 150 millionar kroner.

Trålaren er 70 meter lang, og vil bruke det siste innan hybridteknologi, og med katalysatorar som skal redusere utsleppa av klimagassar til det minimale.