Riise som er ein verkeleg nestor i ringnotflåten, har tid til ein liten prat med Fiskebåt medan dei ligg å ventar på lossing ved Træna. Dei har heller ikkje måtte å gå langt for å fylle nøtene i år. På to korte turar har dei tatt heile kvota på 1600 tonn.

- Den første turen var til Senjahopen, og denne turen har vi fiska på Malangsgrunnen nordvest for Tromsø. Så det er ingen grunn til å gå lenger slik det er no. Det er mykje lodde, sjølv om storleiken kunne vore betre, seier Riise.

Reine fangstar

Fangstane ligg på rundt 50 lodde per kilo, og fangstane er praktisk talt utan innslag av bifangst.

- Vi ser at det også er mykje torsk på botnen, men vi har praktisk talt ikkje hatt noko innblanding i våre fangstar. Til lenger austover ein går, til større innblanding risikerer vi av småsild, seier Riise.

Langt sør

Det har ikkje vore drive loddefiske så langt sør langs norskekysten på svært mange år. Når det har vore ope, har fisket vore drive lengre nord og aust enn i år.

Men også tidlegare har lodda vore langt sør, fortel Riise.

- Eg har vore med å ta lodde så langt sør som i Moskenesstraumen heilt sør i Lofoten, men det var i 1971. Så det er nok ikkje vanleg at den er så langt sør som no, seier Riise.

Klar for kolmule

Etter lossing av siste loddefangsten går turen heimover for å skifte ustyr, før turen går vestover for å ta kolmule vest for Irland.