126 fiskebåtreiarar har så langt slutta seg til den nye NOx-avtalen. Fristen går ut 1. april.

Avtalen som no gjeld varer fram til 2025 og har knytta til seg 126 fiskebåtreiar. Den forrige avtalen som gjekk frå 2011 til 2017 var det 166 reiarlag som var tilknytta ordninga.

Fritak

Alle verksemder må vere tilslutta avtalen for å ha rett til fritak for statleg NOx-avgift. Knyttar ein seg til innan 1. april, gir det rett til fritak for avgifter frå 1. januar 2018.

Det betyr at selskap som er tilslutta fondet før 1. april skal betale ei NOx-avgift på kr 6,- pr. kg. NOx-utslipp til NOx-fondet for første kvartal, medan selskap som ikkje er tilslutta må betale kr 21,94 pr. kg. NOx-utslepp til staten. Det svarar seg difor bli ein del av avtalen.

 

Framgangsmåte for å tilslutte seg den nye NOx-avtalen:

 

Verksemder som var tilslutta NOx-avtalen 2011-2017

For å tilslutte ei verksemd som var tilslutta NOx-avtalen 2011-2017, skal signert tilslutningserklæring sendast inn elektronisk via NOx-fondets web-portal. Ein må logge seg på med brukarnamn og passord. Kontakt NOx-fondet dersom du trenger hjelp til pålogging

 

Verksemder som ikkje har vore tilslutta NOx-fondet

Tilslutning til NOx-fondet for verksemder som ikkje har vore tilslutta NOx-fondet tidlegare, skal gjere det via denne lenka. Fyll inn og last opp signert tilslutningserklæring.