I snart eit halvt år har Fiskebåt prøvd å få ei avklaring rundt reglane for opphavsmerking.

- Det hastar med å få ei avklaring rundt dette. Reglane slik det er i dag fører til at fleire reiarar får dårlegare betalt i førsteleddet, og det rammar også resten av verdikjeda gjennom at varene ikkje får tollpreferanse ved eksport til land som Norge har inngått frihandelsavtalar med, seier jurist i Fiskebåt Sturla Roald.

Grenser

Fisk som er tatt innafor grensene er uproblematisk, då dette utan vidare får status som norsk. Problemet gjeld fisk som er fanga utafor det som er rekna som norsk territorialfarvatn. Her er det spesielle vilkår til registrering og eigarskap, i tillegg til krav om statsborgarskapet til mannskapet. I nokre avtalar er kravet formulert slik at skipsførar og offiserane, og minst 75 prosent av mannskapet skal vere statsborgarar i ein av avtalepartane, medan kravet i andre avtalar rettar seg mot den eksporterande avtaleparten. I leverandørerklæringa som er tatt inn på setlane til salslaga, er kravet at minst 75 prosent av mannskapet må vere norske statsborgarar. Utlendingar som er busette, og skattar til Norge likestillast med norske statsborgarar.

Urimelige og ulogiske krav

Det er vanskelig å sjå gode grunnar for at det skal stillast eit så strengt krav til nasjonalitet for mannskap. Sjøfolk frå EØS-området har gitt eit viktig bidrag for å dekke arbeidskraftbehovet både i hav- og kystflåten og det er ikkje utan vidare uproblematisk å erstatte desse.

- Det sentrale må vere at fartøya er norskregistrerte, fiskar med basis av kvotar som er tildelt norskregistrerte fartøy, og oppfyller krava til nasjonalitet og bustad, slik det går fram av deltakarlova. Også tollstyresmaktene er klare på at reglane er utdaterte, seier Roald.

Møte

Fiskebåt har i lengre tid prøvd å få til eit møte med norske styresmakter for å finne ut av desse utfordringane. Førebels har dette trekt ut. No er det sett ein møtedato 19. april, der heile heile næringa vil bli invitert for å diskutere saka. Fiskebåt har forventningar til at ein på dette møtet kan finne løysingar som inneber at ei lemping av krava.