Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) skal innleie om nettopp miljøutfordringer i havnæringane. Han blir så blir følgt opp av Svein Sundby som er forskar ved Havforskingsinstituttet. I tillegg skal seniorrådgivar Fredrik Myhre frå WWF delta i denne bolken, og adm.dir. Audun Maråk frå Fiskebåt, skal fortelje om Fiskebåt sine miljøsatsingar.

- Vi jobbar i ei evigvarande næring, og er prisgitt at havet er i økologisk balanse. Vi tar miljøutfordringane på største alvor. Difor har vi valt å ha miljøutfordringane i havet som ei av hovudsakene på årsmøtet. Dette blir garantert eit spennande møte, der vi har fått tak i svært gode innleiarar, seier Audun Maråk.

Politikk

Årsmøtet til Fiskebåt er ein viktig arena, der både politikarar, næringsaktørar og samarbeidspartnerar møtast. Også i år kjem fiskeriminister Per Sandberg (Frp), for å snakke om regjeringa sin fiskeripolitikk.

- Vi set stor pris på at sentrale politikarar prioriterer å delta på årsmøtet til Fiskebåt. Det same gjeld representantar frå forvaltninga og andre samarbeidspartnerar. Dette viser at Fiskebåt sitt årsmøte er ein sentral møteplass der vi i fellesskap kan finne gode løysingar, seier Maråk.

Ressursforsking

Ressursforsking er eit anna sentralt tema på årsmøtet. Administrerande direktør ved Havforskingsinstituttet, Sissel Rogne, skal gjere greie for instituttet sine målsettingar for villfiskforvaltninga. Temaet blir følgt opp med fleire forskarar som skal gjere greie for korleis havforskarane prioriterer, og korleis tilstanden er i dei tre havområda, Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

 

Last ned detaljert program for årsmøtet.