Ordførar i Austevoll og forslagsstillar Solveig Salthella la vekt på det gode arbeidet som Inge Halstensen har lagt ned for lokalsamfunnet i Bekkjarvik, då tildelinga blei feira.

I forslaget viser ordføraren til at innsatsen spenner over fleire tiår og at han har vore aktiv innan fleire viktige samfunnsområde. Både som fiskar og reiar har han vore aktiv i fleire organisasjonar, Norges Fiskarlag, Norges Sildesalgslag og ikkje minst i Fiskebåt, der han var styreleiar i perioden 2006 til 2010.

På lokalt og regionalt plan har han utmerka seg som politikar og som forvaltar av handelsstaden Bekkjarvik og kystkulturen, reiselivsaktør og eldsjel, heiter det i brevet frå ordføraren.

Ifølge lokalavisa Marsteinen, legg Inge Halstensen sjølv, vekt på at minst halvparten av prisen deler han med ektefellen Eli.

 

Kort om Inge Halstensen;

- Busett i Bekkjarvik i Austevoll kommune.

- Gift med Eli Halstensen og har tre vaksne barn.

- Er utdanna cand.philol frå Universitetet i Bergen, med språkstudiar frå Boston University i USA.

- Sidan 1979 har han vore fiskar, reiar og dagleg leiar i familieverksemda K. Halstensen AS.

- Leiar i Fiskebåt frå 2006 til 2010.

 

Dette er Kongens Fortenstmedalje

Kongens Fortenstmedalje blei stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908. Den blir delt ut som belønning for innsats av særleg samfunnsgavnleg natur på område som kunst, kultur, vitskap, næringsliv, sosialt og humanitært arbeid.