Fleire interessante innleiarar kjem til konferansen, og deltar også i paneldebatt mot slutten av dagen.

- Vi har fått representantar frå salslaga, flåteleddet og industrien til å presentere sine syn på problemstillinga. Så håpar vi også at medlemmane vil engasjere seg i samband med paneldebatten, seier Leinebø.

 

Forskjellig syn

Fiskarane og industrien har tidvis litt forskjellig syn på kva som er den beste måten for å omsette fisk. Om det er gjennom auksjon, direkte avtalar, eller ein kombinasjon som er den beste løysinga. 

- Vi ønskar å løfte opp denne debatten og sjå om vi greier å kome fram til gode løysingar for alle partar. Problemstillinga er også politisk aktuell, sidan Stortinget no jobbar med fleire saker som omhandlar dette, seier Leinebø.

 

Kvotesystem

I tillegg er det sett oppe i orienteringssak om Fiskebåt sitt syn på arbeidet med det framtidige kvotesystemet.

Leinebø viser til at møtet er ope for alle som vil delta. Med tanke på lunsj er det fint om dei som vil vere med melder seg på til administrasjonen i Fiskebåt.

Fiskerikonferansen 1. juni er ein årleg konferanse i regi av Fiskebåt Vest. Om kvelden er det middag og fest for medlemmar i Fiskebåt Vest.

Konferansen blir halde på Scandic Parken Hotel i Ålesund, og startar med lunsj frå klokka 11.00.

Programmet kan du lese her.