Årets loddesesong går mot slutten og fiskarane melder om svært god tilgang, og store forekomstar av lodde.

I eit brev til Havforskingsinstituttet (HI) reiser Fiskebåt spørsmål med om ICES (Det internasjonale havforskingsrådet) har truffe med sitt estimat og framskriving av gytebestanden. Vidare blir det spurt om HI samlar inn data som kan etterprøve det ICES har lagt til grunn.


- Vi tenkjer då på uavhengige datakilder som akustikkdata frå vintertoktet, og mageprøver frå torsk. Fiskebåt meiner at slike datakilder bør brukast til å verifisere og eventuelt vidareutvikle loddemodellen, heiter det i brevet.

Meir lodde

I brevet går det også fram at Fiskebåt registrerer at det blei funne meir lodde på økosystemtoktet i den austlege delen av Barentshavet på eit seinare tidspunkt, enn då bestandsvurderinga på lodde blei gjennomført.

 

- Etter å ha lest toktrapportane og ICES sine rapportar, er vårt inntrykk at mykje lodde blei feilklassifisert som polartorsk under toktet i 2016. Vil det bli sett i verk tiltak i forhold til gjennomføringa av årets tokt for å hindre at dette skjer igjen?, spør Fiskebåt i brevet til HI.

Feilkilder

Fiskebåt oppmodar Havforskingsinstituttet i samarbeid med PINRO, å sette i gang tiltak for å minimere slike feilkilder. Fiskebåt ber om å få tilsendt ein kopi av grunnlagsdataene for årets kvoteråd.