Sjøfryst filet er eit høgkvalitetsprodukt som blir filetert og innfryst til -20°C berre nokre få timar etter fisken kjem sprell levande om bord. Dette gir filetar med unik ferskheit og kvalitet. Fangstprosessen, produksjon og frysing påverkar kvalitet og produkteigenskapane.

 

Kvalitet

For å ivareta den gode kvaliteten er det viktig med god kvalitetskontroll gjennom alle ledd i heile verdikjeda. Gjennom eit felles initiativ har produsentane av norsk sjøfryst filet difor utvikla ein felles kvalitetsstandard,som ved hjelp av seks kontrollpunkt sikrar topp kvalitet.

Denne standarden blirpresentert under Seafood Expo Global Brüssel 24.april. Sjølve lanseringa skjer på Sjømatrådet sin stand ved den Norske paviljongen på stand nr. 5-401 mellom 1215 og 1230 tysdag 24. april.

 

Program

I samband med lanseringa er det lagt opp til følgande program;

- Frå idè til ferdig standard - ved Møreforsking Ålesund AS.

- Standardiseringsarbeidet si innverknad på marknadsføring av sjøfryst filet- ved Norges Sjømatråd.

- Kva no? Korleis sikre implementering i dagleg drift? - ved Fiskebåt for Norwegian Frozen at sea.

- Servering av smaksprøver i regi av Norwegian Frozen at Sea og Innovasjon Norge.