Representantar frå salslaga, flåteledd og industrien skal presentere sine syn på saka. Så blir det paneldebatt mellom innleiarane, der også salen skal få vere med å kommentere og diskutere, seier avdelingsleiar i Fiskebåt, Paul-Gustav Remøy.

Saman med Sturla Roald har han sett saman programmet, der også assisterande direktør i Fiskebåt, Jan Ivar Maråk, skal orientere om kva forventningar Fiskebåt har til det nye kvotesystemet.

- Dette er tema som er politisk aktuelle for tida, ikkje minst med tanke på at stortinget nettopp skal ta stilling til desse spørsmåla framover. Vi håpar difor at stortingspolitikarane i regionen kjem til konferansen og deltar i debatten, seier Remøy.

Konferansen blir halde på Scandic Parken Hotel i Ålesund, og programmet kan du lese her.