Leinebø viste til ei undersøking gjort av Fiskeridepartementet som viser at fiskeflåten i Møre og Romsdal relativt sett er redusert med ein femtedel i forhold til kva den var i år 2000. Den same utviklinga gjeld også for Sogn og Fjordane, sjølv om det ikkje er så dramatisk. Ein stor del av endringane har skjedd i torskesektoren.

- Vi ser at Vestlandet blir nedbygd. I tillegg har ein alle særkvote-ordningane som prioriterer heile eller delar av dei nordlegaste fylka. Distriktskvoteordningar, Finnmarkskvotar og ferskfiskordningar. Dette er ei alvorleg og negativ utvikling for regionen vår. Ikkje berre for flåten og mottaksindustrien, men også for industrien rundt, sa Leinebø i talen.

Leinebø presiserte at han ikkje har noko  i mot sal av fiskerettar til Nord-Norge, men etterlyser ein felles fiskeripolitikk for heile landet.

Her kan du lese heile talen til styreleiar Paul Harald Leinebø.