Det er Fagskolen Rogaland si avdeling på Karmsund som tilbyr kurset, som er naudsynt for å tilfredsstille krava for å kunne løyse ut M3 maskinistsertifikat.

- Dette er siste sjanse til å gå eit slikt vekeskurs, og gjeld for dei som vil oppgradere eldre maskinsertifikatet frå M4 til M3. Vi veit at det er mange som har sertifikat som treng oppdragering, så no bør dei nytte sjansen. Viss ein er i tvil om ein oppfyller krava, er det berre å ta kontakt med kursleiar for å få avklart det, seier Remøy.

Kurset er planlagt å gå i slutten av november (veke 48) og det er plass til 25 deltakarar per kurs. Her kan du lese meir om kurset, kontaktinformasjon og innhald.