Forhandlingane startar med nvgsild og kolmule den 5. og 6. november i London. Norge sin forhandlingsleiar er Sigrun Holst i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD).

Makrell følger på 7.-9, november i Clonakilty i Irland, der Ann Kristin Westberg i NFD er forhandlingsleiar.

Håpar på semje

Forutsatt at alle dei aktuelle kyststatane møter til forhandlingane burde det vere mogleg å kome til semje for både nvgsild, kolmule og makrell, seier Audun Maråk, amd.dir. i Fiskebåt.

Han er ein av fleire som representerer Fiskarlaget i forhandlingane.

Tilfreds

Maråk er tilfreds med samarbeidet og støtten frå den politiske leiinga i Fiskeridepartementet.  

- Embetsverket i departementet og Fiskeridiriektoraret fortener ros for den innsatsen dei legg ned for fiskerinæringa og Norge. Diverre er det neppe mogleg å få til semje blant alle partane som deltar i desse tre pelagiske fiskeria. Ansvaret for denne situasjonen ligg ikkje på Norge, understrekar Maråk.