Responsen for kurset har vore betre enn venta, og det er ingen tvil om at fiskeflåten har behov for slike kurs, skriv Maritimt Kompetansesenter på si nettside.

Det er første gong det blir arrangert eit slikt kurs, og kjem som eit resultat av at stadig fleire reiarar stiller krav om at mannskapet har formalisert kompetanse.

Kurset satartar i dag, tysdag 4. september på Bryggen Opplæringssenter på Vigra i Giske kommune med 15 deltakarar frå fleire forskjellige reiarlag. Første samling går over to dagar.

Her kan du lese meir om dette kurstilbodet og andre kurs som Marint Kompetansesenter tilbyr.