Kva for oppgåver har det internasjonale havforskingsrådet ICES og kven er med å bestemme kva for fokus ICES skal ha i si rådgiving blir tema på årsmøtet til Fiskebåt Sør. I tillegg blir det ein fyldig gjennomgang av erfaringar så langt med tryggingssystemet ISM, som fartøya er pålagt å følge. 

Blant fiskarane er det delte erfaringar med systemet og kontrollane som blir utført. Her vil Anna Kari Rasmussen frå Sjøfartsdirektoratet og Anderas Kiplesund frå CCOM innleie.

Kvoteråd

Siste året har det også ein stor diskusjon om kor representative kvoteråda frå ICES er og kva som ligg til grunn for dei råda som blir gitt. Her vil Harald Gjøsæter frå Havforskingsinstituttet og Audun Maråk i Fiskebåt innleie.

Rammevilkår

Årsmøtet vil også ta ein runde om kva rammevilkår fiskerinæringa kan vente seg framover. I løpet av våren 2019 vil regjeringa legge fram ei stortingsmelding om forslag til nytt kvotesystem. Innleiarar i denne sesjonen er Dag Sletmo (DnB), Corbett Grainger (University of Winsconsin) og styreleiar i Fiskebåt, Jonny Berfjord ha innlegg.

Her kan du sjå det fullstendige programmet for årsmøtet.