Til å innleie om dette betente temaet, kjem Kathrine Tveiterås, Universitetet i Tromsø, Mons A. Paulsen, Advokatfirmaet Thommesen AS og Agnar Lyng som er fiskebåtreiar og industribygger.

Årsmøtet skal i tillegg til skattedebatten ha ei breiare tilnærming til problemstillinga knytt til framtidige rammevilkår for fiskerinæringa. Her blir det innleiande innlegg med fiskeriminister Harald Tom Nesvik, og stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø (Ap).

Her kan du sjå detaljert program for møtet.