Elvestuen starta med å vise til Fiskebåt sin visjon då han talte til årsmøtet i Fiskebåt;

Ei miljøvenleg og lønsam fiskeflåte som leverer sunn mat frå berekraftige bestandar i verdas reinaste havområde.”

- Dette er ein visjon som vi gjerne sluttar oss til, og vi ser at det ikkje er nokon særleg avstand mellom miljøvern og fiskeressursane, sa Elvestuen.

I forhold til spørsmåla rundt CO2-avgift peika han på at dette vil bli følgt opp av kompenserande tiltak, slik at smerten ikkje blir for stor. Blant anna skal det etablerast eit partssamansett utval som skal sjå etter gode løysingar.

- Det er viktig at dette arbeidet kjem i gang snarast råd. Norge er blant dei fremste i verda når det gjeld skipsteknologi. Det er dei to ny-kontraherte hybridane eit godt døme på, sa Elvestuen.

Forsøpling av havet var naturleg nok også eit sentralt poeng i statsråden sitt innlegg.

- Det blir jobba internasjonalt i forhold til desse spørsmåla og det må eit internasjonalt samarbeid for å få til ei mobilisering. Problemet er så stort at ingen greier å gjere det aleine, sa Elvestuen.

Han var også innom at det ikkje blir oljeaktivitet i dei mest sårbare områda langs kysten i denne stortingsperioden. Spørsmålet er likevel om dette er godt nok.

Bjarte Nordtun frå Hordaland reiste spørsmål kring utslepp av kjemikaliar frå oljeindustrien, og at dette i enkelte tilfelle kjem farleg nær viktige gyteområde.

Elvestuen gjekk ikkje konkret inn på denne problemstillinga, anna enn at det er eit område som regjeringa følgjer med på.