- Vi kan ikkje som einaste land i verda oppretthalde ein monopolsituasjon på leverandørleddet. Vi må ha rammevilkår som gjer at vi har ein pelagisk industri som kan konkurrere ute i verda, sa Egil Magne Haugstad.

 

Samfunnskontrakt

Dermed provoserte han begge sine meddebattantar i Pelagisk hjørne, som blei leia av Thorvald Tande jr, i Norsk Fiskerinæring.

- Fiskeflåten har ein samfunnskontrakt som er gitt av folket og stortinget og regulert gjennom deltakarlova. Alternativet er heilintegrete selskap der same eigarane har kontroll over både det som skjer på sjøen og på land. Dette er med å «tåkelegge» tal, sa Lars Ove Stenevik i Knester.

 

Ikkje svart/kvitt

Heller ikkje Fiskebåt-leiar Jonny Berfjord ville godta argumentasjonen frå Haugstad.

- Dette er ikkje så svart/kvitt som Haugstad prøver å framstille det som. Vi i flåteleddet vil ha kundar som tener pengar, noko vi også har døme på gjennom mjøl- og oljeindustrien. Det er heller ikkje særleg bra i forhold til verdiskaping å frakte ei last med lodde frå Island til Norge, sa Berfjord.

 

Frisk start

Pelagisk hjørne markerte starten på Pelagisk Arena, der mellom anna både Norge og Færøyane sine fiskeriministrar deltar.