Kvar haust ved skulestart, samlast ungdomar for å høyre om kva yrkesmuligheiter som er i fiskerinæringa. 10-klassingar få Sunnmmøre og Romsdal kjem for å lære.

Det er fleire organisasjonar (Fiskebåt Vest, SUROFI, Marint kompetansesenter, og Norges Sildesalgslag) innan fiskerinæringa som står bak arrangementet som i år sette rekord med tre forestillingar. Tidlegare år har det det vore to, men eit godt rykte har truleg vore med å auke interessa.

Konkurranse

Opplegget er nokså likt frå år til år. Først får ungdomane ein liten smakebit på kva eit yrke innan fiskeri inneber. Deretter får dei høyre frå dei møte litt eldre ungdomar som har valt fiskeri som yrkesveg, før det er Kahoot-konkurranse mellom dei forskjellige skulane. Premien er kr. 10 000 til klassa som vinn.

Amanda Tenfjord

For tredje året på rad var det artisten Amanda Tenfjord sto for underhaldninga.