Raskt og stabilt internett er viktig for dei som driv aktivitet i nordområda. Moderne fiskebåtar er utstyrte med avansert teknologi som også er avhengig av skikkeleg nettverk for å fungere.

To satelittar

Space Norway AS har sidan 2015 arbeidd med å etablere satellittbasert kapasitet for breibandkommunikasjon i nordområda. Space Norway sitt prosjekt baserar seg på ei løysing med to satellittar, som vil gi dekning 24 timar i døgnet i området nord for 65. breiddegrad. Satellittane har ei venta levetid på 15 år. Om alt går etter planen, skal satellittane skytast opp i 2022.

For å komme vidare i forhandlingar med kundar, leverandørar og bankar, treng selskapet no ein lovnad om at staten som eigar vil medverke med eigenkapital på rundt ein milliard kroner dersom selskapet klarar å forhandle fram gode avtalar.

Regjeringa støttar

Regjeringa foreslår difor å gi eit tilsegn på vilkår, på rundt ein milliard kroner i eigenkapital til Space Norway AS for å realisere dette prosjektet. Det betyr at staten vil medverke med eigenkapital dersom Space Norway landar avtalar som mellom anna sikrar at prosjektet er forretningsmessig lønsamt. I tillegg skal marknadsrisiko bærast av kundane gjennom at inntekta til prosjektet er sikra for heile satellittane si levetid.

- Space Norway AS sitt prosjekt representerer ein spennande moglegheit til å få dekka samfunnet sine behov for breibandkommunikasjon til ein låg kostnad for staten. I tillegg vil eit solid kommunikasjonssystem legge til rette for auka verdiskaping i nordområda, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Viktig for tryggleiken

Dårleg dekning i nordområda skapar utfordringar for ivaretaking av tryggleik- og beredskapsrealterte oppgåver som sjøredning, oljevern og krisehandtering. Ikkje minst har Forsvaret behov for stabil og sikker kommunikasjon ved operasjonar i norske farvatn.