Styreleiar i Norges Sildesalgslag Jonny Garvik, seier i ei pressemelding at det er trist at styresmaktene vel å kutte der store delar av næringa veit at det er mest å hente. Organisasjonen går no inn med ni millionar kroner for å gjenopprette satsinga på markedsføringa av norsk pelagisk villfisk.  

- Vi er tilbake på nivået for marknadsarbeid som vi hadde for rundt 15 år sidan. Styresmaktene gjer dette akkurat når sild og makrell har sikra seg eit forsprang i store og viktige marknader. Dette er marknader som Norge kunne nytt godt av i ti-år framover, seier Garvik i pressemeldinga.

Støtte frå Fiskebåt

Adm.dir. i Fiskebåt, Audun Maråk, seier dette er eit positivt bidrag.

- Det som skjer no er ein naturleg konsekvens av at Sildelaget meiner at bevilgninga som Sjømatrådet har til marknadsføring av pelagisk fisk neste år er for lav. Bidraget vil difor bidra positivt, seier Maråk.

Redusert avgift

Styresmaktene har sagt at dei ønskar at den reduserte avgifta skal få virke ei tid, men fiskarane meiner det er ikkje er tid til å vente.

- Vi kan ikkje site handlingslamma og sjå på dette. Vil vi ha meir breidde i sjømatnæringa vår enn laks og kvitfisk, seier Garvik.

 Midlane vil bli disponert i tett samarbeid med Norges Sjømatråd. Ei prosjektgruppe skal bidra med innspel til prioriteringar og grep for dei ekstra midlene, som doblar den planlagte summen for pelagisk marknadsarbeid i 2019.

Her kan du lese heile pressemeldinga frå Norges Sildesalgslag.