Libas blir dermed den første fiskebåten som brukar gass og straum som drivstoff. Reiarlaget på Sotra i Hordaland tar dermed eit offensivt steg mot ein "grønare" fiskeflåte.

Lang tid

Det er Salt Ship Design AS som for halvanna år sidan fekk oppdraget med å utvikle det nye fartyet. Etter lang utviklingsfase og modningstid, er begge partar no stolte over å presentere dei første skissene av nye Libas, heiter det i ei pressemelding.

Tyrkia

Nybygget blir 86 meter langt og 17,80 meter breidt, og skal byggast ved Cemre Shipyard i Tyrkia. Libas blir dermed den første fiskebåten med gass-og batteridrift. Det skal installerast ein 350 cum LNG-tank om bord. Skipet blir utrusta som snurpar, og med både singel- og dobbeltrål. Ikkje alt utstyr er avklart enno.

Grønare flåte

Fiskebåt jobbar for at fleire reiarar skal ta i bruk nye meir energieffektive løysingar. Dette arbeidet skjer blant anna gjennom partnarskapsprogrammet Grønt Kystfartsprogram, som blir administrert av DNV GL. Gjennom dette programmet blir det arbeide for å finne løysingar som kan vere med å redusere klimagassutsleppa frå heile fiskerinæringa. Dette er ei vidareføring av klimastrategien for fiskeflåten som blei lagt fram i fjor.