Roy Angelvik har den siste tida hatt 50 prosent stilling som statsskretær for fiskeriministeren og 50 prosent for næringsministeren. Jobben i Fiskerideparmentet har han delt med Veronica Isabel Pedersen, som no går ut av denne rolla.

Angelvik blei først utnevnt til statssekretær for fiskeriministeren i mai 2016, etter at han blei politisk rådgivar i desember 2015.  Angelvik tok fagbrev som kokk i 1994, og arbeide som kokk fram til 2001. Han var redaktør for kokeboka «Matgleder fra Trøndelag», som kom ut i 2002. Han har vore sjølvstendig næringsdrivande og drive med catering og kantineverksemd i nærare ti år.