Politikarane har dei siste par dagene vore på seminar i Svolvær for å lære meir om fiskerinæringa. Der har dei mellom anna vore på bedriftsbesøk hos Lofoten og Nic. Berg, og møtt fleire av organisasjonane innan fiskerinæringa.

Kunnskap

Fiskebåt har saman med dei andre organisasjonane og salslaga fått orientere politikarane om kva for saker vi er opptatt av. Politikarane har dermed fått vite meir om både fiskerilovgiving, internasjonale avtalar, kvoteutvalet, struktur og miljø.

Audun Maråk viser fram stortorsken som han fekk.

 

Lofotturen blei avslutta med ein fisketur, der 15 ivrige fiskarar fekk prøve seg. Og utbytte på dei 15, blei kun fire torskar. Kanskje ikkje uventa var det Fiskebåt som fekk ein av dei.