NRK jobbar nemleg med ein dokumentarserie om korleis vinteren påverkar livet til folk som bur i Norden. Serien er eit samarbeid mellom NRK, svensk TV (SVT) og finsk TV (YLE), så det blir både norsk, svensk og finsk vinter i dokumentarserien.

- Vi ønskar å få fram nokre av utfordringane med vinteren i Norge. Ofte er det innlandet som blir trekt fram når det gjelder vinterbilde, men vi har jo vinter også på norskekysten, seier Svein Haaland, som er prosjektleiar i NRK.

Fiskebåtar

Ising på fiskebåtar er eit av områda som han gjerne vil ta opp i programmet. Samtidig er det ikkje mogleg å planlegge dette, og sende ut eigne filmteam. Difor vil Haaland nok kome i kontakt med folk som er på sjøen, og kan fange opp dette når det skjer (kontaktinfo. nederst i artikkelen).

Uversbilde

- Vi er også interessert i andre forhold som er knytt til snø og  isforhold, men også kraftige uversbilde er av interesse. Vi vil difor sette stor pris på om reiarlag eller mannskap, enten kan sende oss bilde som dei har eller ta nye. I praksis bør det skje i løpet av denne eller neste vinter, seier Haaland.

Arbeidstittelen på serien er Snowhow, og skal vise korleis innbyggarane i nordområda har opparbeida seg kunnskap om korleis ein skal handtere vinteren. Etter planen skal dokumentarserien sendast i januar 2020.

Har du noko å bidra med, kan du sende det til følgande e-postadresse; Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..