Harald Tom Nesvik jobbar i brønnbåtselskapet Sølvtrans. Frå tidlegare har han til saman 20 år bak seg på Stortinget. I sine fem periodar som stortingsrepresentant, har han mellom anna vore nesteleiar i næringskomiteen frå 2009 til 2013. Han har vore parlamentarisk leiar for Framstegspartiet frå 2013 til han avslutta stortingskarrieren etter valet i fjor.

 

Næringspolitikar

- Nesvik har gjennom fleire år hatt stor interesse for fiskerinæringa. Han har markert seg tydeleg som næringspolitikar gjennom fleire år. I tillegg til at han har solid politisk erfaring frå Stortinget, har han vore flittig til å delta i møte med fiskerinæringa. Han har difor alle forutsetningar for å bli ein god fiskeriminister for heile landet, seier Berfjord.

 

Iran-støy

Per Sandberg valte å trekke seg som fiskeriminister etter all støyen etter at han var på ferie i Iran. Sandberg har vore fiskeriminister sidan desember 2015.

- Sandberg har vore ein engasjert, uredd og kunnskapsrik fiskeriminister. Men slik saka rundt Iran-turen utvikla seg, var det ikkje lenger mogleg for Sandberg å halde fram som statsråd, seier Berfjord.