Både frå land- og sjøsida kjem det tidvis kritikk rundt korleis omsettinga av fisk fungerer i praksis. Dette vil Fiskebåt Vest gjere noko med, og inviterer både fiskekjøparar, salslaga og flåten til møte. Flåten blir representert med reiarar frå både kvitfisk og pelagisk, og målet er å diskutere korleis ein kan finne fram til ordningar som fungerer for alle partar.

Kartlegge situasjonen

- Vi har lyst til å kartlegge litt meir kva som er realitetane og kva prinsipp vi bør styre etter framover. Det er ikkje gitt at same omsettingsform passar i alle situasjonar. Og kanskje vi må framleis må leve med kombinasjonar, seier avdelingsleiar i Fiskebåt Paul-Gustav Remøy.

Spennande program

Ifølgje Remøy er ikkje programmet heilt ferdig enno, men han lovar at det blir ei bra samansetting med personar som vil kome med interessante innspel i debatten.

Konferansen blir halde på Scandic Parken Hotel i Ålesund.