Besøket til Austevoll skjer onsdag 2. mai, og då skal Ken Saito blant anna møte fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

- Japan er ein stor havnasjon, og ein viktig marknad for norsk sjømat. Eg ser fram til å få den japanske fiskeriministeren til Noreg, og håpar besøket vil føre til at Noreg og Japan kan samarbeide endå tettare om sjømat, uttalar Sandberg i ei pressemelding.

Ken Saito skal besøke Norge for å bli betre kjent med norsk fiskeri- og havbruksforvaltning, og legg besøket til fiskerikommunen Austevoll i Hordaland. Der skal dei to fiskeriministrane diskutere sjømathandel og norsk-japansk fiskerisamarbeid.