Torsken som er funne av linebåten Loran ved Jan Mayen, blei diskutert på medlemsmøte for kvitfiskflåten i Ålesund. Der var også havforskar Bjarte Bogstad til stades.

Godt oppmøte frå både trål- og konvensjonelt på medlemsmøtet i Ålesund. (Foto: Odd Kristian Dahle).

 

- Vi har tatt prøver frå seks stasjonar ved Jan Mayen og vil no også sjekke genetikken til fisken. Dette kan vere torsk frå Island, Grønland eller Barentshavet, men utifrå kartet er Jan Mayen nærare plassert Island og Grønland, enn Barentshavet, seier Bogstad.

Tidlegare prøver

Bogstad har også sjekka tidlegare prøver frå 2010 og 2011, som i liten grad likna på Barentshavstorsk.

- No jobbar vi vidare med å få oversikt over andre historiske observasjonar og rapporterte fangstar, seier Bogstad.

Blåkveite

Loran-eigar og skipper, Ståle Dyb, fortalte forsamlinga om korleis dei oppdaga det nye fiskeriet. Her kan du lese pressemeldinga som gjekk ut sist veke.

- Det var blåkveite vi først skulle fiske, men så oppdaga vi også torsken. Det var store fangstar og vi oppdaga også mange andre meir ukjente artar. Siste turen var vi der i 30 dagar, og vi har også funne rogn i torsken, sjølv om det er langt på hausten, seier Dyb.

Ifølge Bogstad skjer dette innemellom viss torsken ikkje finn det gunstig å gyte.