Fiskebåt har gått saman med Marint Kompetansesenterom fotokonkurransen som vi håpar vil engasjere mange.

- Vi veit at det er mange gode fotografar ute på båtane som kan fange spennande situasjonar når ting skjer. Målet med konkurransen er å få innblikk i korleis livet er om bord i ein fiskebåt, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt.

Konkurransen går fram til 1. desember.Etter det vil det bli kåra ein vinnar, og alle dei beste bilda vil bli publisert på fiskebat.no og marint.no.

- Vi håpar mange blir med, og minner at det er flotte premiar for dei ti beste, seier Dahle.

Klikk her for å lese meir om konkurransen og premiane.