Mandag var administrasjonen i Fiskebåt på strandrydding, for å markere starten på strandryddeveka som no er i gang. I løpet av ein kort ettermiddag var tilhengaren full av skrot.

Mykje å finne

Diverre er det mykje søppel som ligg langs strendene. Fiskebåt sette av ein halv arbeidsdag for å gi vårt bidrag til årets ryddeaksjon. Sjølv om dette truleg berre er toppen av isfjellet, er mottoet at alle kan gjere litt.

 

Samarbeid

Fiskebåt har i år gått i lag med dei andre organisasjonane i sjømatnæringa (Norges Sjømatråd, Sjømat Norge, Norges Fiskarlag, Norske Sjømatbedrifters Landsforening, Fiskebåt, FHF, SUROFI, Norges Råfisklag, Norsk Industri og Norges Sildesalgslag), om fire større arrangement langs kysten, der vi skal mobilisere til ryddedugnad. Dette skjer i Florø 2. mai, Lofoten 3. mai, Bergensområdet 4. mai og Giske 5. mai.

Vi oppmodar alle våre medlemmar om å delta aktivt på desse arrangementa. I tillegg er det fint om fleire gjer som administrasjonen – set av nokre timar og ryddar litt i sitt nærområde.

Sjå Fiskebåt si Facebook-side for fleire bilde.