Reguleringa av fisket etter makrellstørje i 2018 er no klar, og den norske totalkvoten er på 104 tonn, som er ei dobling av kvoten frå 2017. Av dette er det sett av 14 tonn til bifangst.

To ringnotfartøy kan få løyve til å fiske, med ei kvote på 45 tonn på kvar. Fiskeridirektoratet vel ut fartøy ved loddtrekking.

Det blir ikkje opna for sports- og fritidsfiske, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.

Reguleringa er i all hovudsak ei vidareføring frå 2017, og påmelding til fisket skjer på Fiskeridirektoratet sine nettsider.