I løpet av andre kvartal i 2018 har det vore fleire som har søkt om finansiering av nybygg.

- Søknadstallene viser også at det nye skipsfinansieringstilbudet er blitt godt mottatt av redere og verft, skriv Eksportkreditt i ei pressemelding

 

Tilbyr lån

Eksportkreditt Norge skal tilby norske og utanlandske selskap lån, når dei skal kjøpe varer og tenester frå norske eksportørar. Selskapet har 50 tilsette, og forvaltar ei utlånsportefølje på nær 68 milliardar kroner.

Eksportkreditt Norge signerte nye låneavtalar for 1,4 milliardar kroner og utbetalte nye lån for 1,8 milliarder kroner i andre kvartal.

 

Skipsfinansiering

Det nye tilbodet for skipsfinansiering,  gjer det mogleg å få finansiering, når fartøyet blir bygd ved verft i Norge og for bruk i norske farvatn. Ordninga blei formelt vedtatt i slutten av juni og blei operativ frå 1. juli.