Arendalsuka har etablert seg som ein viktig møteplass for politikarar, næringsliv og andre. I fjor var det rundt 80 000 besøkande i sørlandsbyen.

Tidlegare år har det vore lite snakk om fisk og anna sjømat i samband med Arendalsuka. Dette blir det ei endring på i år. Fiskebåt har saman med dei andre sjømatorganisasjonane gått saman om å sette fisk på dagsorden. I regi av Sjømatrådet blir det fleire dagar med spennande og sjømatrelaterte debattar i DN-teltet;

Tysdag 14. august kl. 12.15 – 13.15

Sjømat er trendy - så hvorfor faller konsumet?

 

Onsdag 15. august kl. 15.30 – 16.30

Den norske sjømatnæringen – hvor viktig er den egentlig?

 

Torsdag 16. august kl. 09.15 – 10.15

Fra sydvest til høyteknologifest. Slik blir fremtidens sjømatnæring

 

I tillegg til desse debattane blir det også fleire andre fiskerirelaterte programpostar i løpet av veka.