Fiskebåt - RSS Fiskebåt - Twitter Fiskebåt - LinkedIn Fiskebåt - FaceBook
No / En
NYHETER MEDLEMSFARTØY FOR MEDIA FOR MEDLEMMER
MANDAG 22. MAI  •  FISKEBÅT
Mobil Sidekart Print Font størrelse Font størrelse
Img L

Russland krev 90 millionar i kausjon

Russland krev 90 millionar kroner i kauasjon for å sleppe fri reketrålaren Remøy. Det norske utanriksdepartementet er kopla inn i saka.
Situasjonen er framleis fastlåst for reketrålaren Remøy som vart tatt inn til Murmansk av russisk kystvakt, onsdag 10. mai. Både norske fiskeri- og utanriksstyresmakter jobbar no med å få båten frigitt. Fiskebåt og reiarlaget har vore i møte med Utanriksdepartementet og Fiskeridepartementet om saka og fått utveksla synspunkt.

- Vi har hatt eit konstruktivt møte og det er ingen tvil om at vi jobbar mot eit felles mål, som er å få frigitt båten så raskt som mogleg. I tillegg har vi fått utveksla synstpunkt rundt den vidare framdrifta, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.

Fiskebåt og reiarlaget har også hatt møte med parlamentarisk leiar for Frp på Stortinget, Harald Tom Nesvik, for å drøfte situasjonen.

Kausjonskrav
Det russiske kausjonskravet på 90 millionar kroner er meir enn 10 gongar større enn fangsverdien som er om bord i båten.

- Kravet står på ingen måte i forhold til realitetane i saka, og dette kravet gjer at situasjonen ikkje er mogleg for reiarlaget å handtere. Dessutan ligg ansvaret hos norske styresmakter. Vi hadde håpa på at saka skulle få ei rask avklaring, seier Maråk.

Formalitetsfeil
Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

Har det bra
Både reiarlaget og det norske generalkonsulatet i Murmansk har sørga for at mannskapet blir tatt godt vare på. Etter planen var dei på veg heim for mannskapsskifte, då dei vart stoppa i eit kontrollpunkt av den russiske kystvakta.

- Det er ingen tvil om at dette er ei stor belastning for både mannskapet og reiarlaget. Difor er det viktig at saka får ei snarleg løysing, seier Maråk

Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter.

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Alle partar jobbar aktivt med å få løyst saka, og reiarlaget har bedt om at mediekontakt i størst mogleg grad skal gå gjennom Fiskebåt. Kontaktpersonar er adm.dir. Audun Maråk (900 77 470) og informasjonsleiar Odd Kristian Dahle (906 15 658).
 

NYHETER

Russland krev 90 millionar i kausjon

Russland krev 90 millionar kroner i kauasjon for å sleppe fri reketrålaren Remøy. Det norske utanriksdepartementet er kopla inn i saka.Les heile saka
NYHETER

Vern om verdens matkammer

Et lite uhell ved en oljeinstallasjon kan få dramatiske følger for det globale økosystemet i havet.Les hele saken
NYHETER

Jobbar med å få frigitt reketrålar

Det norske utanriksdepartementet jobbar no med å få frigitt reketrålaren Remøy som er heldt tilbake i Murmansk.Les hele saken
NYHETER

Rekordstor tobisbestand

2016-årsklassen av tobis er den største som er observert siden tobistoktet startet i 2005. I tillegg har bestanden relativt mange treåringer.Les hele saken
NYHETER

Ingen avklaring for Remøy-trålar

Det er så langt ikkje blitt noko løysing for reketrålaren Remøy som sist veke vart oppbrakt av russisk kystvakt. Trålaren ligg framleis for anker i Murmansk. Årsaka er feil i samband med lisensieringa av fartøyet sitt fiske i russisk sone.Les heile saka
NYHETER

Reketrålar frå Herøy blir holdt tilbake i Murmansk

Reketrålaren Remøy er oppbrakt av russisk kystvakt og ligg for anker i Murmansk. Årsaka er feil i samband med lisensieringa av fartøyet sitt fiske i russisk sone.Les hele saken
 
KalenderKALENDER
31
MAI
Årsmøte i Norges Råfisklag
31. mai til 1. juni
Link
24
AUG
Fiskeriseminar 2017 - Klippfisk
Scandic Parken Ålesund, 24. august.
Link
24
AUG
Fiskeflåtens ungdomsmønstring - Ålesund
Ålesund 24. august.
Link
24
AUG
Solstrand-seminar
24. august, Solstrand hotell
Link
25
AUG
Medlemsdag med seminar i Ålesund
Ålesund 25. august.
Arrangør er Fiskebåt Vest
Link
31
AUG
Pelagisk Arena
Ålesund, 31. august 2017
Link
10
OKT
Klimarin
Trondheim 10.-11. oktober
For meir info. sjå lenke under.
Link
01
NOV
Landsmøte i Norges Fiskarlag
01.-02. november 2017
Scandic Nidelven, Trondheim - Kjøpmannsgata 73
7010 Trondheim
Link
Se alle arrangement
FacebookFACEBOOK
TwitterTWITTER
Oppskrifter fra God FiskOPPSKRIFTER FRA GODFISK
Yr.noVÆRMELDING FRA YR

FORSKNING

24.01.2017Åtte millioner til utvikling av ny redsk...
17.01.2017Varmere hav gir økt vekst i Barentshavet...
24.10.2016Slipper inn i russisk sone
18.10.2016Mye loddeyngel i Barentshavet
14.10.2016Har fått nok niser
13.10.2016Vil leie kystnotfartøy
30.08.2016Stor og fin loddeyngel
19.08.2016-2014-årgangen tegner å være sterk
19.08.2016-Usikkerhet om sild
26.04.2016Eros på tobistokt

MARKED

03.03.2017Verdiøkning i sjømateksporten
04.01.2017Sjømateksport for 91 milliarder
13.10.2016Sandberg til Brasil og Chile
23.09.2016Hyppigere minstepris for torsk
16.09.2016Mer penger til fiskeglade barn
03.06.2016Rekordhøy sjømateksport
01.06.2016Ny minsteprisordning for makrell
19.05.2016Ny representant i Polen/Tyskland
04.05.2016Fortsatt vekst i sjømateksporten
28.04.2016Norsk sjømat-standard for Europa

FISKERI

26.01.2017Litt mindre EU-lodde
23.01.2017Godt sildefiske i helgen
09.12.2016HI-direktøren: - Sanninga har datostempl...
28.11.2016Mindre aktivitet i sildefisket
07.11.2016Sildefisket godt i gang i nord
24.10.2016Stor interesse for nvg-silda
17.10.2016Makrellfisket mot slutten
03.10.2016Årets beste makrelldag
26.09.2016Fullt trykk i makrellfisket
14.09.2016God start på makrellfisket