Fiskebåt - RSS Fiskebåt - Twitter Fiskebåt - LinkedIn Fiskebåt - FaceBook
No / En
NYHETER MEDLEMSFARTØY FOR MEDIA FOR MEDLEMMER
MANDAG 25. SEPTEMBER  •  FISKEBÅT
Mobil Sidekart Print Font størrelse Font størrelse
Img L

Jobbar med å få frigitt reketrålar

Det norske utanriksdepartementet jobbar no med å få frigitt reketrålaren Remøy som er heldt tilbake i Murmansk.
Etter vel ei veke er det enno ikkje noko avklaring rundt reketrålaren Remøy frå Herøy i Møre og Romsdal. Remøy vart kontrollert av russisk kystvakt onsdag 11. mai, og tatt inn til Murmansk der båten ligg for anker.

Formalitetsfeil
Årsaka er ein formalitetsfeil i lisensdokumenta som trålaren må ha for å fiske i russisk sone. Lisensieringa av norske fartøy som skal fiske i russisk sone, er eit forhold mellom Norge og Russland. Reiarlaget hadde søkt norske styresmakter om lisens for å fiske på ein norsk rekekvote i russisk sone. Lisens for fartøyet blei gitt og reiarlaget har dagleg rapportert om fartøyet sine rekefangstar til både Russland og Norge. Reiarlaget har difor forholdt seg til at lisensen som blei gitt var i orden.

- Vi hadde venta at saka skulle vore løyst raskt og greit. Ikkje minst fordi Fiskeridirektoratet varsla og orienterte Russland om at det var gjort ein glipp i samband med denne lisensieringa. Diverre har det tatt lenger tid enn venta å få frigitt båten, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk.

Kontakt
Fiskebåt har løpande kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og det norske Utanriksdepartementet (UD). Det er UD som handterer kontakten med russiske styresmakter. Fiskebåt har også bedt om eit møte eit møte med UD for å drøfte saka. Det er ikkje klart når dette møtet blir.

Reiarlaget Remøy Havfiske held tett kontakt med mannskapet som er om bord i båten. Dei skulle etter planen reist heim sist veke.

- Mannskapet har det bra, sjølv om det er ein kjedeleg situasjon også for dei. No håpar både dei og vi at saka vil få ei snarleg løysing, seier Maråk.

Trålaren Remøy har eit mannskap på 17 personar, der to er frå Færøyane og resten er norske.

Alle partar jobbar aktivt med å få løyst saka, og reiarlaget har bedt om at mediekontakt i størst mogleg grad skal gå gjennom Fiskebåt, ved adm.dir. Audun Maråk.
 

NYHETER

Nye krefter overtar på Klippfiskakademiet

Cecil Elisabet Nerbø blir daglig leder for Klippfiskakademiet i Ålesund, og Ole Christian Skogen blir kreativ leder og kjøkkensjef.Les hele saken
NYHETER

Reduserer torskekvoten med 20 prosent

Årsmøtet i NAFO har fastsatt torskekvoten i 3M for 2018 til 11.145 tonn. Dette er en reduksjon på 20 prosent fra i år.Les hele saken
NYHETER

Ikkje beint fram for Kina-eksport

I desember i fjor varsla Utanriksdepartementet at handelsforholdet til Kina var normalisert igjen, men enno er det mange skjer i sjøen for fiskeeksporten.Les heile saka
NYHETER

Russisk støtte til olje-NEI

Den russiske fiskeriorganisasjonen Fiskeindustriunionen Nord, støtter norske fiskere i kravet om et oljefritt Lofoten og Mørebanker.Les hele saken
NYHETER

Kritisk til islandske makrelleveransar

Fiskebåt stiller seg svært kritisk til leveransar av makrell frå islandske og grønlandske fartøy til norske hamner.Les heile saka
NYHETER

Ap vil ikkje endre kvotetaket

Arbeiderpartiet vil ikkje reversere auka kvotetak for fiskebåtar som er større enn 11 meter. Det slår Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast. Viktig avklaring, meiner Fiskebåt.
Les heile saka
 
KalenderKALENDER
10
OKT
Klimarin - Trondheim
Link
01
NOV
Landsmøte i Norges Fiskarlag
Link
23
NOV
Årsmøte i Fiskebåt Nord

Link
01
DES
Årsmøte i Fiskebåt Vest
Link
05
DES
Årsmøte Fiskebåt Sør
Link
Se alle arrangement
FacebookFACEBOOK
TwitterTWITTER
Oppskrifter fra God FiskOPPSKRIFTER FRA GODFISK
Yr.noVÆRMELDING FRA YR

FORSKNING

24.01.2017Åtte millioner til utvikling av ny redsk...
17.01.2017Varmere hav gir økt vekst i Barentshavet...
24.10.2016Slipper inn i russisk sone
18.10.2016Mye loddeyngel i Barentshavet
14.10.2016Har fått nok niser
13.10.2016Vil leie kystnotfartøy
30.08.2016Stor og fin loddeyngel
19.08.2016-2014-årgangen tegner å være sterk
19.08.2016-Usikkerhet om sild
26.04.2016Eros på tobistokt

MARKED

03.03.2017Verdiøkning i sjømateksporten
04.01.2017Sjømateksport for 91 milliarder
13.10.2016Sandberg til Brasil og Chile
23.09.2016Hyppigere minstepris for torsk
16.09.2016Mer penger til fiskeglade barn
03.06.2016Rekordhøy sjømateksport
01.06.2016Ny minsteprisordning for makrell
19.05.2016Ny representant i Polen/Tyskland
04.05.2016Fortsatt vekst i sjømateksporten
28.04.2016Norsk sjømat-standard for Europa

FISKERI

26.01.2017Litt mindre EU-lodde
23.01.2017Godt sildefiske i helgen
09.12.2016HI-direktøren: - Sanninga har datostempl...
28.11.2016Mindre aktivitet i sildefisket
07.11.2016Sildefisket godt i gang i nord
24.10.2016Stor interesse for nvg-silda
17.10.2016Makrellfisket mot slutten
03.10.2016Årets beste makrelldag
26.09.2016Fullt trykk i makrellfisket
14.09.2016God start på makrellfisket