Fiskebåt - RSS Fiskebåt - Twitter Fiskebåt - LinkedIn Fiskebåt - FaceBook
No / En
NYHETER MEDLEMSFARTØY FOR MEDIA FOR MEDLEMMER
FREDAG 19. JANUAR  •  FISKEBÅT
Mobil Sidekart Print Font størrelse Font størrelse
Img L
Tre statsrådar fekk innspel frå norsk næringsliv. FV. Fiskeriminister Per Sandberg (Frp), næringsminister Monica Mæland (H) og EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen (H). Foto: Audun Maråk/Fiskebåt.

Regjeringa fekk innspel om Brexit

Fiskebåt var ein av fleire næringsorganisasjonar som i dag fekk gi regjeringa innspel i samband med Brexit-prosessen. - Det er bra at regjeringa har ein god dialog med det norske næringslivet i denne saka, seier Audun Maråk, adm.dir. i Fiskebåt.
Norge er ein tredjepart i forhandlingane mellom Storbritannia og EU i samband med Brexit. Likevel får dette store følgjer for norsk næringsliv, og då ikkje minst i forhold til fiskerinæringa. I dag inviterte difor næringsminister Monica Mæland (H), fiskeriminister Per Sandberg (Frp) og EØS- og EU-minister Frank Bakke-Jensen (H) næringslivet for å få innspel.

Orientering
Dei tre statsrådene orienterte om kvar sine felt og det arbeidet som pågår i samband med at Storbritannia er på veg ut av EU. Fiskebåt påpeika i møtet at noko av det viktigaste er å sikre gode rammevilkår knytt til marknadstilgang, og at det kjem gode overgangsordningar.

Overfor EU, vil EØS-avtalen framleis vere gjeldande, men Norge må forhandle fram nye avtalar med Storbritannia innan ei rekke område. Ikkje minst må det forhandlast fram ein ny handelsavtale med Storbritannia. For fiskerinæringa vil kvitfisk, reke og laks vere viktige fiskeartar.

Fiskebåt kommenterte også at det vil vere avgjerande å sikre kontroll over ressursane, for å sikre vår vår rettmessige del av fellesbestandande som vi deler med Storbritannia og EU.

- Vi set difor stor pris på at dei tre statsrådane har invitert oss til ein dialog om dette, seier Audun Maråk.

Referansegruppe
Maråk sit også i ei eiga referansegruppe for fiskeri, som nettopp ser på konsekvensane for fisket.

- Norge bør vere ein attraktiv samarbeidspartnar både overfor Storbritannia og EU, både som ein seriøs aktør og framtidig viktig alliert. Det er difor viktig å spele korta vore korrekt, slik at vi kjem godt ut i samband med fordeling av dei artane som vi også i dag deler med EU og Storbritannia, seier Maråk.

Tre partar
Fiskebåt forventar difor at Brexit-prosessen vil sikre at vi får like gode trepartsavtalar, som det vi i dag har direkte med EU.

- Storbritannia vil vere ein viktig samarbeidspartnar med Norge, særleg i forhandlingar og fordeling i forhold til makrellkvotene og nordsjøbestandane, seier Maråk.
 

NYHETER

Miljøfokus på årsmøtet

Miljøutfordringar for havnæringane blir hovudtema på årsmøtet til Fiskebåt i februar. Dit kjem også klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H). Detaljert program for årsmøtet ligg i lenke under artikkelen.Les heile saka
NYHETER

Etterlyser fiskemerker

Fiskarar og andre kan få 1000 Euro i finnarløn viss dei greier å finne elektroniske merke som har fall av makrellstørjer.Les hele saken
NYHETER

Ny eksportrekord for norsk sjømat

2017 ble nok et rekordår for eksporten av norsk sjømat med en verdiøkning på tre milliarder kroner fra rekordåret 2016.Les hele saken
NYHETER

Silda holder seg i Smutthavet

Silda skygger unna norskekysten og holder seg uvanlig langt vest for årstiden. Nå er det behov for å registrere forekomster av sild til og fra feltet.Les hele saken
NYHETER

Tidenes høyeste verdi

Norske fiskere landet hvitfisk for 9,5 milliarder kroner i fjor. Det er fjerde året på rad med verdirekord. Det viser tall fra Norges Råfisklag.Les hele saken
NYHETER

Urolige for beredskapen

Fiskerne er bekymret for beredskapen til havs. Innfasingen av de nye redningshelikoptrene utsettes stadig.Les hele saken
 
KalenderKALENDER
14
FEB
Årsmøte i Fiskebåt
Oslo 14.-15. februar
Link
24
APR
Seafood Expo Global, Brussel
24.-26. april 2018: Seafood Expo Global, Brussel
Link
02
MAI
Årsmøte i SUROFI
Ålesund 2. mai 2018
Link
03
MAI
The Next Wave, Giske
3. mai: The Next Wave, Giske
Link
24
MAI
Årsmøte, Norges Sildesalgslag
24. mai: Bergen
Link
30
MAI
Norges Råfisklag - årsmøte
Årsmøte, 30.-31. mai
Link
13
AUG
Arendalsuka 2018
13.-17. august, Arendal
Link
20
AUG
NorFishing 2018
21.-24. august, Trondheim
Link
Se alle arrangement
FacebookFACEBOOK
TwitterTWITTER
Oppskrifter fra God FiskOPPSKRIFTER FRA GODFISK
Yr.noVÆRMELDING FRA YR

FORSKNING

24.01.2017Åtte millioner til utvikling av ny redsk...
17.01.2017Varmere hav gir økt vekst i Barentshavet...
24.10.2016Slipper inn i russisk sone
18.10.2016Mye loddeyngel i Barentshavet
14.10.2016Har fått nok niser
13.10.2016Vil leie kystnotfartøy
30.08.2016Stor og fin loddeyngel
19.08.2016-2014-årgangen tegner å være sterk
19.08.2016-Usikkerhet om sild
26.04.2016Eros på tobistokt

MARKED

03.03.2017Verdiøkning i sjømateksporten
04.01.2017Sjømateksport for 91 milliarder
13.10.2016Sandberg til Brasil og Chile
23.09.2016Hyppigere minstepris for torsk
16.09.2016Mer penger til fiskeglade barn
03.06.2016Rekordhøy sjømateksport
01.06.2016Ny minsteprisordning for makrell
19.05.2016Ny representant i Polen/Tyskland
04.05.2016Fortsatt vekst i sjømateksporten
28.04.2016Norsk sjømat-standard for Europa

FISKERI

26.01.2017Litt mindre EU-lodde
23.01.2017Godt sildefiske i helgen
09.12.2016HI-direktøren: - Sanninga har datostempl...
28.11.2016Mindre aktivitet i sildefisket
07.11.2016Sildefisket godt i gang i nord
24.10.2016Stor interesse for nvg-silda
17.10.2016Makrellfisket mot slutten
03.10.2016Årets beste makrelldag
26.09.2016Fullt trykk i makrellfisket
14.09.2016God start på makrellfisket